På tide med ny oppdatering!

Beklager at eg ikkje har oppdatert bloggen tidlegare. Men det har ikkje vert så mykje nytt, anna enn at eg har brukt tida på å komme meg fra halsbetennelsen og fullført antibiotikakuren.

Halsen er mykje betre og infeksjonen i visdomstanna er også nesten vekke. Men no er det Marius som er blitt forkjøla og smitta av meg desverre. Så for at eg ikkje skal få det ein gong til, har eg flytta inn på gjesterommet for sikkerhetsskuld. Kjedeleg- men heldigvis berre for ein periode dette også. 

Det eg har slitt med siste tida er heller magen som ikkje har vert i god laget. Den har jo verkeleg fått gjennomgå med både cellegift, medikament og kraftig antibiotikakur. Så det er nok heilt sikkert ein logisk reaksjon- men allikevel ikkje noko kjekt. Legen meinte at tarmtottane mine muligens var så svekka at magen ikkje klarte gjennomføre dei jobbane den skal. Så no prøvar eg å unngå melkeprodukt, sidan legen meinte melk kunne gjere det heile verre. Ekstremt vanskeleg å veta sjølv kva eg kan, bør eller skal ete når magen reagerer på alt! Men håpar at dette snart kjem seg igjen. 

Elles er formen stort sett bra. Smertene eg hadde dagleg før behandlinga, er vekke. No er det kun litt leddsmerter her og der i ny og ne, men heldigvis ikkje dagleg. Det er jo absolutt framgong!! Hjernetåka (med dårleg hukommelse, konsentrasjonsvanskar og mangel på logisk tankegang) har muligens også letta litt, men har tydlegvis ikkje tenkt å pakka saman sakene sine heilt endå.

Men eg har god tid og uannsett stor tru på at dette har vert vellykka! Neste veke skal eg ta nye blodprøvar, så då blir det jo veldig spanande å sjå om dei er forbetra sidan forrige måned, sjølv om eg har vert sjuk no.

Elles fekk eg eit håndskrevet brev etter saka mi vart publisert i Bergens Tidende, frå ein godt voksen mann som hadde studert samanhengen mellom koffein og sjukdom i mange år. Hans råd til meg var å kutte ut alt med koffein- te, kakao, sportsdrikker, kaffi osv. Er det andre som har høyrt om at dette er ein samanheng eller absolutt ikkje er bra? Eg er jo heldigvis ikkje den som drikk all verden med kaffi kvar dag, men etter dette brevet så har eg prøvd å tatt til meg råda og begrensa mengden litt. 

Ellers har eg som sagt brukt tida på å komme meg igjen etter sjukdom, så det har desverre blitt lite tid til trening. Men denne veka prøvde eg å starte opp igjen, og fullførte fleire økter med jogging på tredemølla mi 🙂 Så det går no på fram sjølv om det ikkje går så fort! 

Siste vekene har me tross sjukdom, prøvd å nytt det fine veret med blant anna soling og grilling på terrassen, båtturar og gåturar med Dex.

  

Det er ikkje ofte me har så flott ver her heime, så eg tenkjer at dette må nyttast. Sjølv om eg fortsatt er ganske utsatt med svakt immunforsvar og må fokusere på recovery, så meiner eg at det er minst like viktig å leve samtidig. Ingen dag er ein sjølvfølge. 

   

Eg kunne sikkert vært meir forsiktig med å vert mindre på gåturar ute i trekken, dekke meg til i sterkt sollys, kose og klemme mindre på Dex`n, holdt meg meir heime, tenke meir over kva eg bør og ikkje bør ete osv – men eg vil ikkje vere hysterisk! Hadde eg derimot levd hysterisk strengt og isolert heime i desse 3 månadane og plutseleg fått ein alvorleg og fatal infeksjon allikevel – hadde eg nemleg angra meg ihel for at eg ikkje levde og nøyt livet saman med mine nærmaste mens eg kunne. Skal sjølvsagt ikkje vere uansvarleg og trosse alle restriksjonar heller, for då er det jo mi eiga feil dersom behandlinga ikkje har gått som den skal. Eg tenkjer at me må alle nyte dagane me får, uannsett utgangspunkt, men sjølvsagt skal eg ta mine forhåndsregler med munnbind og god handhygiene. No er det snart gått 2 mnd sidan eg fekk mine stamceller tilbake – tida går så fort! Så no gjenstår det berre ein måned igjen med munnbind og størst risikofare.

     

Siste vekene har også gått i koselege besøk av venner og familie. Også avisa Fitjarposten/Stord24 har vore innom for eit intervju. Har blitt litt mykje avisintervju siste halvåret- men tenkjer at det er så verdt det hvis eg kan hjelpa andre og få moglegheita til å spre ordet om behandlinga som skammeleg nok ikkje er eit tilbud for oss i Noreg.

Skjønne Kari Anne, som er ein av mine tidlegare kollega, kom på besøk denne veka og hadde med seg ein heilt herleg gåve.

Det er også ho som er bindeleddet mellom meg og “gamle”-barnehagen når det gjeld brevkontakten me jevnleg har. Så denne gangen tok ho også med seg brevet frå ungane 🙂 Kjempekosleg! Sett så utruleg stor pris på denne jenta og at ho gjer det mogleg for meg å oppretthalde kontakten med borna eg hadde i barnehagen der! Me nøyt denne dagen blandt anna i Vindmølleparken, der me lagde til piknik på fjelltoppen, med både ostepopp, pepsi max, bær og sjokolade. 

  

Igår fekk eg nok eit koseleg besøk av mi kjære Maria, som tilbrakte heile dagen hos meg <3 Ho hadde med seg prinsesso si, Thilde, som stadig smelte hjerta mitt. For ei blid og skjønn jenta!

Kan rett og slett ikkje få sagt nok kor spent eg er på å kunne sjekka om eg framleis er fertil eller om behandlinga uheldigvis har tatt denne moglegheita frå meg. Uannsett har me jo heldigvis backup i frysaren i Oslo, om det skulle gå gale 😉 

Ynskjer alle ei fantastisk fin helg! 

Ta vare på kvarandre <3

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg