Mestringsfølelse delux!

Formen er stadig stigande!

Denne veka fekk eg svar på blodprøvane mine også, der nokre verdiar framleis var litt under grensa- men andre betre enn sist. Legen i Moskva var svært nøgd og sa at alt såg normalt ut. Nokre gamle symptom har blussa litt opp igjen, slik som muskelkramper, skjelvningar og nummenhet i beina. Men dette meinte også legen var heilt normalt at var litt opp og ned dei fyrste månadane. Spesielt var det vanleg at symptom vart forsterka under ein sjukdomsperiode, slik eg no har hatt. Magen er også betydeleg betre. Det hjalp med litt kost-tilskudd, mindre melk og meir trening.

Har også fått ny rekord på 3 km-en. Eg klarte jogga på 18 min for lenge sidan då eg var frisk, så dette er målet mitt igjen ein vakker dag. Har også store ambisjonar om å klare å jogge rundt Storavatnet her på Fitjar, slik eg gjorde før eg reiste ned til behandling. Men null stress, har god tid til å trene meg opp til dette! Viktig å ha mål!

I helga tok skjønne Ida meg med på fjelltur!

Så koseligt! Me gjekk frå Olstjødno opp mot Svartavatnet, og frå enden av Svartavatnet gjekk me ca 1,5 time endå lenger oppover. Då kom me til Tindaslottet.

  

Totalt ein tur på rundt 4 timar. Det var herleg ver, sola skinte og heilt blå himmel. Fantastisk tur i godt selskap! Skjønnar ikkje kvifor eg ikkje går meir på fjellturar i skog og mark. Er jo såå fredeleg og fint!

 

Det var også ei heilt nydeleg utsikt som møtte oss på toppen der oppe. Anbefalar alle på Fitjar som ikkje har vert der før om å ta seg ein tur til Tindaslottet 🙂 Ein kjem ikkje til å angra, tru meg!

  

På toppen hadde me ein liten pause med kakao og nøtter utanfor Steinslottet. Så gjekk turen ned igjen til Svartavatnet der me campa og åt lunsj. Ida hadde med seg deilig salat med egg, pannekaker og endå meir kakao. Gu, så me koste oss! Me satte også opp telt sidan Ida skulle overnatte der den kvelden. Hadde frykteleg lyst eg også, men det er nok ikkje det smartaste valget med tanke på immunforsvaret mitt endå. Men ein annan dag skal eg vere med å overnatte eg også!

 

Då eg kom heim frå denne fantastiske turen med Ida seinare på kvelden, sjekka eg treningsklokka mi. Den viste heile 19,5 km! Dette har eg aldri sett før, så det var ein stor seier og mestringsfølelse!! Men kunne jo ikkje gi meg på eit oddetal, måtte ha eit rundt partal. Haha. Så eg skyndta meg før klokka bikka 12 på kvelden (for då nullstiller klokka seg), ned på tredemølla og sprang ein halv kilometer. TADA! 20 km totalt denne dagen, og 33 000 skritt!

Ellers denne veka har eg blant anna nytt finaveret med grilling på terrassen vår og herlege dagar på naustet med familien og i kajakk med Dex og Marius.

  

Mi kjære Johanne kom endeleg heim denne veka! Så me hadde oss ein herleg dag på naustet ilag på tirsdag, med mykje latter og kos. Finnes ikkje ei betre jenta enn ho her! <3

  

Etter ein herleg dag saman med Johanne, kom eg heim til blomar på trappa. Dette var frå mitt fantastiske søskenbarn, Anna! <3 Eg er så heldig som har så gode slektningar og folk rundt meg! Får ikkje sagt det nok <3

 

I går var me invitert på deilig kvelds og koseleg spelekveld i Synningjo. Både bror min, svigerinna mi, mamma og pappa, søskenbarnet mitt og dama, onkelen min, meg og Marius var alle samla. Her vart det stor konkurranse i Crocket ute på plenen.

 

Eg hadde bestemt meg for å jogge heim att denne kvelden, så sjølv om klokka vart 23:40 då me skulle heim- heiv eg joggeskona på og brukte 22 min heim 😀 Woop Woop! Livet smiler 🙂 

Her er artikkelen til Stord24/Fitjarposten som kom ut denne veka, for dei som ynskjer å lese:

http://www.stord24.no/karina-fekk-stamcelletransplantasjon-i-moskva-no-ser-eg-veldig-lyst-pa-framtida-og-pa-livet/

Ha ei fin helg og ein fortsatt god sommar alle!

Ta vare på kvarandre <3

3 kommentarer
    1. Veit ikkje nokon som har meir gøds og ståpåvilje som deg Karina👍🏻🌝 Du er ei fantastisk jenta, som eg bøyer meg langt i støvet for💜 Ha fortsatt ein fin og god sommer☀️🛶🌟

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg