Blodprøvesvara gav meg frysningar!

På mandag var det tid for ny MR-undersøkelse.

Denne gang ikkje på sjukehuset, men på Aleris Røntgen i Bergen sentrum. Eg trur nok at denne MR-undersøkelsen, av alle eg har vert på til no, har vert den mest spennande. Tenk, den aller fyrste etter behandlinga i Russland. Ventetida på venterommet føltes difor ekstra lang denne gongen. Men endeleg blei eg ropt opp av ei skjønn dame.

Ho viste meg inn på eit enda mindre venterom, der eg måtte ta av alt av metall, BH og … hår (parykken). For fyrste gong hang eg frå meg håret på venterommet. Spesielt.

Øyretelefonar med musikk og beskyttelsen rett over ansiktet vart sett på og benken eg låg på blei køyrt inn i maskinen – som forhåpentlegvis snart skulle gi meg positive nyheter. Den dunkar og bråkar fælt, men er blitt så van med den lyden no. Så avslappandes som alltid, sovna eg denne gangen også. Kun 20 minutt etterpå var eg ferdig. No må eg berre kryssa fingrane for at det ikkje er komen nye plakk/arr etter angrep. Svaret får eg om ca 2 veker!! Skal oppdatere dåke når dei kjem! 

Denne veka fekk eg også svar på mine siste blodprøver! No på fredag den 10.august, er det jo gått heile 3 mnd sidan transplantasjonen! Blodprøvesvara vart samenlikna med dei forrige frå juli. Og for nokon nyheter!! Eg vart så letta og glad!! Fekk frysningar på heile kroppen då eg såg at kun EIN verdi var no utanfor grensa. 

Einaste negative var at leukocyttane mine (kvite blodceller) hadde gått ned frå forrige gong- noko som tilseier at immunforsvaret fortsatt er ganske svekka. Og natrium-verdien var ein smule under grensa for normalen. MEN! Dette med natrium kan vera vanleg for friske folk også. Og leukocyttane er lave ja, men fortsatt innanfor “normal-grensa”. Eg sendte svara mine til den fantastiske legen min i Russland, og han svarte meg innan ein time- med betryggandes svar om at dette var heilt normalt og gode nyheter: 

Han der altså <3 Glede meg heilt vilt til å reisa ned igjen til det fantastiske teamet der, i mai 2019! 

Her kan de sjå blodprøveresultata mine no, samanlikna med for ein måned sidan og kun to veker etter transplantasjonen. Det gule er det som er utanfor normalen. Så det går absolutt rette vegen!! Kunne ikkje vert meir glad 😀

2 veker etter transplantasjonen:

2 og 3 månader post ( etter transplantasjon ) : 

Litt forskjell, ikkje sant?! 😀 Nesten ikkje gult igjen no.. Heilt vilt! 

Ellers har eg no i august som sagt prøvd å starta opp med ein ny og sunnare livsstil.

  

Den består av at eg på søndagen lagar og forbereder sunn mat for heile veka. Utanom lørdagen, då unnar eg meg ein usunn dag. Forrige veke hadde eg 5 dagar med fisk, grønnsaker og fullkornsris til middag. Denne veka har eg laga kylling, grønsaker og egg til middag og smoothie til lunsj.

    

Eg prøvar også å få inn ei rutine med å stå opp litt tidlegare enn eg har gjort i det siste. Tidlegare sov eg gjerne til kl 12.00 på formiddagen- og då er jo halve dagen gått.

No prøvar eg å ha vekkerklokke på kl.07.00. Deretter nyt eg ein frisk og deilig frukost etterfulgt av ein stor kopp te. Så tar eg ei økt med styrketrening på treningssenteret- etterfulgt av tur med Dex når eg kjem heim og deretter ei kondisjonsøkt på tredemølla mi.

  

Føler meg sååå mykje betre, etter kun ei veke med desse rutinene! Det er hardt når det står på, men SÅ deilig og absolutt verdt det etterpå!

Og for å unngå at eg et noko søtt og usunt når søtsuget kjem snikandes innpå, har eg hamstra inn frisk frukt som eg heller då kan ty til. Tenkjer at alle vil vera den beste versjonen av seg sjølv- både på innsida og utsida. Og trening påverkar kroppen positivt både fysisk og psykisk! 🙂 Vinn-vinn! Kjør på folkens 😀 

  

Ønske alle ei fortsatt fin veka 🙂 

Ta vare på kvarandre <3 OG sjølvsagt- dåke sjølv 😉 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg