4 mnd post!

Tenk, idag er det heile 4 mnd sidan eg fekk mine “nye” stamceller tilbakeført i kroppen. Det heile føles heilt uverkeleg når eg ser tilbake på det no. Det er som ein fjern drøm, alt eg har vert gjennom. Det er vanskeleg å beskrive følelsen som grip meg når eg tenkjer tilbake på denne tida eg låg på sjukehuset i Russland.

 

 

Ein blanda følelse av lettelse, kjærlighet, redsel, frykt og takknemlighet. Ein opplevelse eg aldri ville ha vært foruten. For det er når du står og tippar på enden av stupet at du forstår kor sårbart livet er, kor utruleg mange som bryr seg og dermed kor heldig og blessed man allikevel er (tross tøff motstand).

Det var faktisk ikkje før då eg verkeleg klarte å sjå klart og setje pris på alt eg tidlegare tok forgitt. Misforstå meg rett, eg er ikkje glad for at eg har fått ein kronisk sjukdom. Men eg er glad og takknemlig for lærdommen den har gitt meg. Eg har kome styrka ut av det heile! Ein veks absolutt på motstand og erfaring! 

 

 

Formen er fortsatt svært god! Dag og natt , samanlikna med tilstanden før behandlinga! Litt småplukk av symptom i ny og ne har eg jo fortsatt. Men veldig lite i forhold til korleis det var. Og best av alt- hjernetåka har flytta ut 🙂

Eg føler meg ENDELEG som meg sjølv igjen, både i kropp og sinn. Og det er blant anna takka vera all støtte og hjelp frå dåke rundt meg! 

 

 

Trening er fortsatt ein stor del av min kvardag. Den gjer at eg føler meg mykje betre, kvikkare og friskare – men gir meg også ein deilig følelse av at eg verkeleg kan klare det eg vil! 

 

 

Denne veka skal eg til nevrologen min igjen, for fyrste gong etter behandling. Så det blir spennande å høyra kva han tenkjer om resultata mine så langt. Han som stempla meg som “for frisk” til å delta i studiet her i Norge, og oppmoda meg om ikkje å reisa til Russland. 

Eg skal oppdatere dåke i slutten av denne veka om korleis møtet med nevrologen min gjekk. Og som eg lovde dåke tidlegare, så kjem bilete av korleis håret mitt har vokst fram til no og korleis eg eigentleg ser ut utan parykk, den dag idag.

 

 

Elles har eg vert i tankeboksen lenge no, i forhold til kva eg skal ta meg til i tida fram mot arbeidslivet igjen. Eg har jo fått streng beskjed om å halde meg vekke frå arbeidet i barnehagen fram til etter nyttår. Då immunforsvaret mitt framleis er utsatt for smitte og bakteriar. Samtidig føler eg meg såpass frisk og rask no, at eg syns det er dumt å berre gå heime på “vent” og ikkje gjere noko fornuftig- anna enn trening.

Eit halvt år å gå heime, utan å gjere noko, er LENGE! Og eg er ganske så lei av å stadig gå til legen for å få ny sjukemelding når eg eigentleg føler meg nokså frisk. Så etter mykje om og men, bestemte eg meg i slutten av august for å byrja å studera igjen! Kunnskapsheving er jo aldri bortkasta. Og litt fagleg påfyll treng ein alltid. 

 

 

 

“Studera kva då?”- tenkjer dåke sikkert no. For meg var det inga tvil. Eg veit at arbeidet med barn er noko eg alltid kjem til å brenna for. Så det er sjølvsagt innanfor samme sjanger som tidlegare. Men denne gang tek eg fordjupning i barn med spesielle behov, som treng litt ekstra tilrettelegging.

Alle i barnehagen skal på lik linje bli inkludert, anerkjent, sett og høyrt – uannsett utgangspunkt! Dette er noko eg alltid kjem til å kjempa for og ikkje minst sørga for i mitt arbeid med barn. Så no i september allereie, starta eg opp med studiet! Eit nettbasert studie over 2 år. Så eg tenkjer at eg garantert no på desse to åra, skal bli heilt klar både psykisk og fysisk, til å kome 100% tilbake i arbeidslivet igjen. Og samstundes også kome fagleg sterkare tilbake! Håpet mitt er å ein dag kunne arbeide som spesialpedagog/støttepedagog.

 

 

 

“Kva med jobben min då?”- tenkjer sikkert mange. Og tru meg. Dette var verkeleg valgets kvale. Eg hadde sååå mange rundar med meg sjølv, før eg tok dette valget. Eg stortrivdes jo i Dåfjorden barnehage. Og eg ville verkeleg ikkje svikta nokon, for planen var jo å koma tilbake til barnehagen i januar. Den flotte arbeidsplassen, mine fantastiske kollega, foreldre og barn. Eg hadde sååå vondt av dei alle og samvittigheten min tærte skikkeleg på.

Men eg fann ut at no må eg berre tenkje på kva som er best for meg i situasjonen slik den er blitt. Nett no føler eg meg så bra og frisk, at eg veit med meg sjølv at eg klarar så mykje meir enn å berre gå heime på vent. Eg hadde også berre eit vikariat i Dåfjorden, ut juli i år. Dermed vart det heller inga oppseiing. Eg sa berre ikkje ja til videre arbeid, no i fyrste omgong. Men, kven veit kor eg dukker opp om to år?

 

 

 

Fokuset mitt ligg no fyrst og fremst på best mogleg “recovery” i form av trening, fagleg påfyll og ro. Denne type utdanning vil jo både styrke MEG fagleg samtidig som den også forhåpentligvis vil kunne styrke arbeidsplassen min i framtida. Noko som vil vera vinn-vinn.

For ikkje å få tilbakefall av sjukdommen no, så skal eg også unngå stress. Målet mitt er jo å kome tilbake i 100% stilling, snarast mogleg. Og som spesialpedagog jobber ein i mindre barnegrupper- noko som kan gi ein litt rolegare kvardag med nettopp – mindre stress. Krevandes ja, men utruleg givandes arbeid!

 

 

 

MEN, ungane i barnehagen blir ikkje så lett kvitt meg. Så til alle dåke foreldre fra barnehagen som les bloggen min- viderebring gjerne denne beskjeden til dåkas skjønne små: Så snart eg får klarsignal frå legen om at det er trygt å besøke barnehagen igjen, er eg den fyrste som kjem å bankar på døra i Dåfjorden barnehage og skal klemma dei flate som pannekaker <3 Me skal halde kontakten! 

 

 

Ta vare på kvarandre <3 

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg