Resultatet hos frisøren!

Eg lova dåke å oppdatere korleis resultatet hos frisøren vart. Så her kjem det! Vart veldig fornøyd, så kan absolutt anbefale flinke Miriam, hos “Tone Frisør”.

Eg har alltid syns at “sidecut” har vert kult, så då Marius allikevel skulle barbere heile skallen min i Russland- prøvde me ut akkurat dette. Det vart eit litt i overkant høgt hårfeste og altfor vågalt etter mi meining. Men absolutt morosamt å ha prøvd 😀

Det eg derimot såg for meg i forkant av denne frisørtimen, var noko slikt:

Og her var utgangspunktet mitt før frisørtimen:

Det fyrste som blei gjort var å barbere håret litt på eine sida:

Deretter farga eg sidene mørkebrunt og bleika toppen lys!

Etter eit par rundar med farge og vask, vart resultatet slik:

Det var heilt magisk å få stritta håret skikkeleg også 😀 Får heilt fnatt av dette krøllhåret mitt som helst vil stå rett opp og til alle kantar :p

Og her, fargen- før og etter:

Ellers har eg denne veka hatt ein liten “mini-vinterferie” på Voss hos søster mi og tantebarn <3

Det var kjempekos! 😀

Dex var ganske så fornøgd med vindusplassen sin på toget også! Skjønnasen min <3

Ta vare på kvarandre <3 Og god helg!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg