Den aller største opplevelsen i livet!

På tide med ny oppdatering!

Eg beklagar for at det har gått så mange månader sidan forrige oppdatering, men det har vert så mykje andre ting å gjere på den siste tida!

Svangerskapet mitt gjekk eigentleg veldig fint (kan verkeleg ikkje klage) – men eg var mykje plaga av sterke kynnerar heile døgnet. Så eg fekk til slutt beskjed om at arbeidet kunne bli ein risiko for for tidleg fødsel. Fekk såå dårleg samvittigheit for ikkje å kunne ver i arbeid lenger. Planen og målet mitt var jo å arbeide heilt fram til termin.. Så akkurat det var litt nederlag, men eg prøvde allikevel å gjere ein innsats for barna i barnehagen og være til nytte for dei ansatte- sjølv om eg ikkje kunne være i barnehagen. Dermed lagde eg tosidige animasjonsfigurar (som kan henge i vindu) av alle dyrene i Hakkebakkeskogen. Dette skulle vera eit tema no på nyåret. Håpar ungane fekk glede av dei <3 Så eg hadde no litt å putle med om dagane sjølv og.

Ellers dulla eg mykje heime med å lage klart til lille gull sin ankomst. Eg starta tidleg med jula dette året, slik at alt skulle vera klart dersom det plutseleg skulle skje noko.

Gurimalla så me gleda oss til å få møta ho! Familiebilen vart kjøpt inn, rommet hennar vart innreda, veggane på barnerommet vart malt rosa, babyklær og leiker blei vaska, alt av utstyr handla inn og både seng og vugge stod no klar! No gjenstod det berre henne.

Det var ufatteleg merkeleg å tenkje på at me snart skulle få møte henne. Eg levde konstant i ei babyboble der alt av tankar handla om henne. “Korleis såg ho ut? Kven kom ho til å ligne på? Korleis kom ho til å vera? Korleis skulle dette eigentleg gå (frå kun oss to til ein familie på tre)? Korleis kom eg til å bli som forelder?”

Ho var svært aktiv inne i magen den siste tida! Nokre voldsomme bevegelsar og spark! Og då kynnerane kom- kunne me sjå akkurat korleis ho låg inne i magen (for magen stramma seg rundt heile henne). Savnar faktisk det å kjenne liv i magen – sjølv om ho haldt meg vaken fleire netter. Det var både ein merkeleg – men samtidig usedvanleg herleg følelse.

22.november var eg så heldig å fekk arrangert babyshower for! Eg trudde og fekk beskjed om at eg skulle på tacokveld hos Elise med berre meg og ho- og då eg kom fram var det plutseleg ein heil gjeng der. Ein gjeng med herlege folk! FOR ein koseleg kveld me hadde <3 Mat og kaker i lange banar! For ikkje å snakke om nydelege gåver og bleiekake! Og mi kjære Johanne hadde tatt turen heilt frå Trondheim, berre for dette! Så fantastisk rørandes <3 Tusen takk for ein minnerik kveld, alle! 

Eg og Elise hadde også vår faste juletradisjon med pepperkake-baking ein kveld. Lagde ein haug med både pepperkaker og kakemenn! Så koseleg <3 

Så skjedde mirakelet! På morgonen den 18.desember kom vesle jenta vår til verden. Frisk og rask! Eg får heilt frysningar berre av å skrive dette. Jenta vår.. Tenk det! Me har plutseleg blitt foreldre til verdens herlegaste jente. Det å høyra ditt fyrste skrik då du kom utav magen var heilt fantastisk! For ikkje å snakke om då dei viste deg til oss for fyrste gong. Tårene rann av stolthet og takknemlighet <3 

Det er heilt umogleg å beskrive den følelsen det er å bli mor- men som alle andre mødre kjenner godt til. Har alltid tenkt at det høyres så klisje ut med at “ein blei forelska ved fyrste augneblikk”- men her har eg endra meining. Det er absolutt mogleg og eit verkeleg tilfelle her. Du tok oss med storm, lille Otilie <3 Både eg og pappa føler oss SÅ heldige som har fått nettopp DEG! 

Så uskyldig, liten og perfekt. Tenk at du har budd inni kroppen til mams i 9 månader! 

Me var fire døgn på sjukehuset, før me reiste heim igjen. Kom heim dagen før litle julafta. Det var ganske så merkeleg å skulle ta henne med seg heim frå sjukehuset ja. Tenk at denne litle skjønne babyen no var kun vår. 

Våre gode foreldre hadde våre innom å fylt opp kjøleskapet med herleg mat, pluss flotte gåver og kort på kjøkkenbordet. Så me kom heim til ein juleklar heim, sjølv om jula kom litt brått på. 

Me er framleis så forelska at det er umogleg å setja ord på det. Du lyser opp kvardagen vår! Kan sitja heile dagane å berre sjå på deg. Om kveldane når du har lagt deg- tar me oss fleire gongar i at me sit å ser på bilder/filmar av deg og gler oss til du vaknar igjen neste dag. 

Juletida gjekk altså i mykje babykos og familiebesøk. Herleg tid! Då pappa Marius reiste på fyrste jobbtur etter at Otilie kom til verden, fekk eg kjempegod hjelp frå alle i familien vår! Så det gjekk overraskande bra! Kva skulle eg gjort uten den fantastiske gjengen eg har rundt meg heile tida?! <3

De lurar også kanskje på korleis Dex har teke dette med å bli storebror? Det har også gått overraskande bra!

Han skjønte svært lite ved fyrste introduksjon og var ganske så skeptisk til babyen, men samtidig plutseleg SVÆRT kosete/klengete med både meg og Marius. Han ante nok fare på ferde då ja..

Men han har vert SÅ flink storebror. Ligg alltid å passar på henne når ho søv.

Skal alltid gå utav bilen samtidig som henne og sjå til at ho kjem på plass (står å ventar på at me tar ut bilstolen – dersom han kjem utav før henne). Sjølv om det står mat på bordet ( og han er nokså matvrak) – så ligg han heller utanfor soveromsdøra hennar og lyttar etter om ho har det bra.

Han skal alltid ha kontroll på kor ho er- og vert nesten stressa dersom han ikkje ser eller finn henne. Når me er ute på trilletur, vil han helst liggja rett under henne i vogna. Der har han full oversikt og kontroll.

Så han er ganske så skjønn! <3 Men det blir desverre ikkje mykje oppmerksomhet på han lenger, slik som før. No må han dele vår fulle oppmerksomhet med litlesøster. Har litt vondt av han når det gjeld akkurat dette. Men slik blir det. No er vesla prioriteten og den nye sjefen i hus.Trur han blir vane med dette også etterkvart. Så no har eg plutseleg “to baby-ar” i hus.

Det er til tider nesten meir arbeid med Dex`n på nattestid/morgonen, enn lillesøster. Ho er stort sett veldig roleg og søv mykje! <3

Mange med MS får ofte nye angrep (attakk) etter svangerskap og fødsel- sidan det er ein rimeleg stor påkjenning for kroppen. Dette håpar eg ikkje skal skje i mitt tilfelle, med tanke på at eg har teke behandling og fått eit “nytt” immunforsvar. Men eg skal ærleg innrømme at eg kjenner på nokre gamle symptom igjen- på dagar som er tøffare enn andre. Når eg er ganske så sliten. Dette trur eg skylder mangel på søvn og ein del stress. Håpar i allefall at det er ei slik forklaring. Og det er jo faktisk reelt for oss- at skadane som er der kan få symptoma til å blusse opp igjen når kroppen går på reservetanken. Eg hadde faktisk ein liten episode med tåkesyn igjen no etter nyttår- der eg vart sendt til Haugesund sjukehus igjen på sjekk. Fekk jo litt frysningar då, sidan det er slik eg har oppdaga to tidlegare angrep. Heldigvis så viste det seg å kun vera betennelse på augnelokket og tørre auge (noko som er heilt ufarleg og kan lett behandlast). FOR ein lettelse! No skal eg ta ny MR igjen i vår, så då får me kryssa fingrane og håpe på gode nyheter i år også =)

Så sjølv om eg har teke behandling og sjukdommen er stagnert- så ligg det (og vil nok alltid vera) ein liten bekymring langt i meg, om noko nytt er på gang igjen eller vil skje. MEN akkurat det tenkjer eg ikkje ofte på- heldigvis! Og no har eg eit heilt anna fokus i livet. Nemleg dotter vår. 

Livet smiler no som aldri før. Kven hadde trudd? Vart alvorleg sjuk i 2016, fekk avslag på stamcellebehandling i Norge i 2017 og bestemte meg då for å søke i Russland, egguttak og nedfrysning i forbindelse med fare for sterilitet- i februar 2018, stamcellebehandling i april 2018- der eg vart “frisk” igjen og mamma i 2019 til verdens skjønnaste jente. Altså, det kan jo verkeleg ikkje bli betre enn dette. Eg føler meg SÅ heldig og stolt. Otilie lyser verkeleg opp kvardagen vår og me skal nyte kvart sekund me har ilag <3 Eg skal gjere ALT i mi makt for at ho skal få så god oppvekst som overhodet mogleg! <3 

Ta vare på kvarandre <3 Og nyt tida ein har ilag- for tida flyr altfor fort!

 

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg