Desember måned!

På tide med nytt innlegg no ja! :p 

Beklagar at det har gått så lang tid sidan sist no, men kan jo prøva å skylda på at desember er jo ein av dei travlaste månadane. Pluss at eg har jo vert vekkreist på Gran Canaria i 10 dagar 😀

        

Den turen var berre HEILT UBESKRIVELIG! Eg har aldri reist til utlandet på denne tida av året før, så var ganske så spent på temperaturen no. Men det var jo midt i blinken! Ikkje for hett, ikkje for kaldt- men akkurat passeleg varmt 🙂 Det låg mellom 24-28 grader kvar dag! Me hadde strålande sol og blå himmel kvar dag, utanom litt overskya fyrste dagen. Og hotellet vårt var knallfint med ein utsikt uten like! 

Me reiste saman med Elise og Jonas- som er heilt herlige folk! Dagane gjekk i alt ifrå avslappings i sola ved bassengkanten eller på stranda, ulike arrangerte aktivitetar/konkurransar på hotellet vårt på dagtid, bading, båttur, fjelltur, spa-behandling, ulike show på hotellet, god mat og avslutta med obligatorisk rituale kvar kveld; Basketball-konkurranse (om å gjera å få flest ballar i korga på eit minutt). Kortspeling vart også ein slager om kveldane! Der gjekk det for det meste i “Casino” og “President”. Ein fantastisk tur- med andre ord! Kjem garantert til å reisa på denne årstida igjen, dersom det er fin sommar heime. Tusen takk for ein fantastisk kjekk og fin tur, Elise, Jonas & Marius <3 

Men det var nok ein gong fantastisk godt å koma heim att til lille Dex som blei like hoppande glad som meg 😀 <3 Saknet var stort! Heldigvis hadde han gode folk som passa på han då me var vekke <3 

Den norske gode tacoen var også djupt sakna i syden!

Formen har vert stort sett bra, men litt småplager i ny og ne er det fortsatt. “Rollercoasteren” er eit faktum. Det går litt opp og ned. I syden var det stort sett ingen plager, einaste nokre intense nervesmerter i eine foten eine ettermiddagen. No etter me har komen heim har eg vert mykje plagd med humørsvingningar og stikk i høgre sida av hovudet. Det skal dermed ingenting til for å gjer meg rørt og den minste filleting kan utløysa ein flom. Også litt skremmande med dei stikka som kjennes ut som knivstikk i dei få sekundene det pågår og sjølvsagt veldig kjedeleg med humørsvingningane mine som diverre går mest utover Marius stakkars. Men eg håpar dette berre er ein dal i rollercoasteren min slik at det snart tek seg opp igjen. Uannsett, er det ikkje snakk om store plager iforhold til tidlegare.

Eg leita opp eit innlegg som blei skriven på bloggen på same tid i fjor, for å sjå korleis tilstanden stod til då: 

“Ellers er formen nokenlunde grei for tida. Den er sjølvsagt opp og ned frå dag til dag. Alt ifrå fatique/utmattelse, hodepine, nervesmerter, synsforstyrrelsar, kramper, nummenhet, men mest plagsomt av alt- hjernetåke (Brain Fog). Det einaste som gjeld for meg no, er å tenkje at dette er kun midlertidig. Ja, det er ein livslang sjukdom og diagnose.. men eg nektar.. Dette er ikkje slik livet mitt skal bli. Eg skal ikkje og vil ikkje slå meg til ro med at slik har det blitt og slik kjem det til å vera. Eg forstår at slik er situasjonen her og no og at det er lite eg kan gjera med det. Slik er jo berre livet, uforutsigbart og skjørt. Men eg nektar å gje meg der, før eg har prøvd alt i mi makt for å få helsa og livet mitt tilbake. Mi største oppgave no er å holde hovudet kaldt, ha trua og håpe at alt vil gå min veg angående behandlinga som er i vente.” 

Og no sit eg her, eit år etterpå- med nytt immunforsvar som forhåpentlegvis er utan den forrige feilen. Sååå glad for at eg då nekta å slå meg til ro med sjukdommen- utan å ha prøvd alle moglegheitar.  Eg føler på ein måte at dette er mi fyrste jul som “frisk”, sjølv om eg veit at dette ikkje er reelt i det heile. Eg har jo vert frisk i tjuefem år og berre sjuk i to. Det er derimot mi fyrste jul der eg er bevisst på kor heldig eg er- og kor fantastisk godt det er å vera frisk. Eg gjekk tjuefem år å tok det som ein sjølvfølge- noko det slettens ikkje er! 

No gler eg med til å nyte juletida saman med familien og mi kjæraste Johanne som kjem heim til jul 😀 <3 Ståva vår er allereie pynta og klar! Berre synd at Marius måtte reise på jobb igjen no i jula… Får håpa på å få ha han heime til neste år! 🙂 Me fekk no uannsett feirt litt jul ilag med både foreldra mine og familien hans på tirsdag- då svigers diska opp med ekte julemiddag <3 

 

Igår hadde eg forresten bursdag, som blei feirt både ilag med herlege folk på formiddagen etter trening og heile familien i kaffiselskap på ettermiddagen. Eg og Marius hadde oss også ein flott (men kald) fjelltur i solnedgangen 🙂 Eg er heldig som har så mange gode folk rundt meg <3 Tusen takk for alle flotte gratulasjonar som tikka inn igår! 

Ynskjer dåke alle ei skikkelig fin førjuls-tid 🙂 Ta vare på kvarandre <3

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg