Godt nytt år, folkens!

For eit innholdsrikt og flott år 2018 har vert! Og enda betre skal 2019 bli 🙂 Det er eg heilt sikker på!

Mine største ønske for året er at behandlinga mi har virka (sjukdommen er stoppa opp), at MS-forskningen gjer store framsteg og snart innser at dei må innføra stamcellebehandling som ein effektiv og god behandlingsmetode for MS-pasientar i Norge også- og til slutt men ikkje minst, at mine kjære er friske og har det bra <3

Kva er så mitt nyttårs-forsett i år?

Jo, det skal eg fortelja dåke; Sunnare livsstil og bli flinkare å ta hensyn til eiga helse. Eg hadde ein periode etter behandlinga der eg var veldig flink med “food-prep” kvar søndag, der eg lagde klar sunne måltid for heile veka.  Dette dabba litt av, noko eg no skal prøva å ta opp igjen etter nyttår! Spesielt når Marius er på jobb og eg bur aleine. Eg skal også fokusere endå meir på trening i vekedagane og lage faste rutiner for både dette, studiet og lesing kvar dag.

Samtidig skal eg også setja av plenti med tid til å skapa nye minner ilag med min kjære, lille Dex, familie og venner.

Det har siste tida blitt mykje selskap og festing- entan så byrjar eg verkeleg å bli gammal, ellers så må eg berre innsjå at kroppen min ikkje er som den ein gong var. Blir mykje lettare sliten og lei no, enn før. Skal ikkje så mykje til. Men så er det jo litt stress inni bildet også, noko som gjer ting verre. Så i 2019 skal eg bli flinkare til å lytte til kroppen og heller fordele slike arrangemang litt spredt. Noko kvar dag no i jula, og kanskje også fleire selskap til dagen,  har verkeleg tatt på. Men samtidig har det vert sååå verdt det og kjempekoseleg å vert så mykje med slekt, familie og venner! 🙂

Så alt i alt er mine nyttårsforsett:

– Sunnare livsstil: Aktiv treningskvardag, meir fisk og grønnsaker og mindre sukker, chips og brus.

– Flinkare til å lytta til kroppslige signal og ta hensyn til desse.

– Bli meir strukturert når det gjeld å setje av tid til studie og lesing kvar dag, slik at det ikkje blir eit stressmoment i siste liten.

Dex er forresten allereie litt på vakt etter å ha høyrt mange rakettar idag – så eg vil på vegne av alle hunde-eigarar be folk om å ta hensyn og vise respekt for dyrene, ved å vente med rakettar til ikveld <3

Eg håpar at 2018 har vert eit minnerikt år for dåke alle, og satsar på at 2019 blir eit endå betre år! <3 Takk for året som var og for at dåke alle har vert SÅ støttandes og gode mot meg gjennom alt detta året- da har betydd enormt!

Ta vare på kvarandre og kos dåke ikveld! 🙂 <3

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg