Imåro er dagen her!

No i helga var Marius og eg på Vågsli ilag med svigers 🙂 Det var sååå avslappandes og kos! ❤

Godt å kunna senka skuldrene og tenka på litt andre ting no rett før avreise.. Me hadde to heilt fantastiske daga på langrenn-ski, med begge hundane! 🙂

Dex’en fekk sitta i ryggsekken på slutten når beina var lei 🙂 Nett som ein liten baby han vettu, lever det glade liv!

Elles fekk me servert fantastisk god mat, hadde bålkos og kjekke kveldsstunder med både yatzy, kortspel og mykje latter! 😀 Tusen takk for ein fantastisk kjekke tur, Sissel, Lars & Marius ❤

På mandag samla eg heile gjengen til familiekaffi hos oss 🙂 Dette fordi eg gjekk glipp av fredagskaffien i helga (Haalands-tradisjonen) og fordi det ikkje vert fredagskaffi no i helga. Såå kos å samlast 🙂 Familietid er rett og slett medisin i seg sjølv!

Eg klarte også forresten å ta ein aprilsnarr på Ingrid (som eg skal reisa med)! Huff stakkars.. 😂 Eg skreiv at eg hadde fått mail frå sjukehuset der borte om at det herja stort utbrudd av meslinga og at me derfor måtte utsetta turen. Ho gjekk fem på vettu! Hehe så gøy ❤ Men kunne ikkje drøya det for lenge før eg avslørte spøken 🙂

Igår var dermed den store pakkedagen før middagsdate og avslappings med verdens beste ❤ 

I dag har eg brukt heile formiddagen på treningssenteret-  sidan det sikkert blir ein god treningspause no i helga. God terapi for sjela!

No ligg eg på hotellrommet på Flesland og er klar til avreise imorgon tidleg. Eller, klar og klar- så klar som eg kan bli, kan ein vel sei. Prøvar å roe nervene med Pepsi Max og ostepopp 🙂 Det hjelper! Gledar meg ihel til sjølve turen og å møta alle folka igjen, men gruar meg også ihel til alvorets time.

For sjølv om det meste tyder på at behandlinga har vert vellykka, er det ikkje til å unngå å bli bekymra når ein kjenne på nye ubehag i kroppen. For andre utan MS kan dette vere så mangt og det kan det sjølvsagt for oss også. Men me med MS har fått beskjed om å ringja MS-attakk telefonen når eit nytt symptom melder seg over lengre tid. Dette kan nemleg vera såkalla attakk, når immunforsvaret vårt plutseleg angrip det sentrale nervesystemet. Dette heng godt igjen, sjølv om eg no forhåpentligvis har stoppa opp sjukdomsutviklinga. Ein blir automatisk på vakt når ein kjenner på noko nytt ubehag og blir dermed ekstra engstelig. Sjølv om eg prøver alt eg kan å tenkja så positivt som overhodet mogleg. Det er ikkje alltid like lett.

Også med eit heilt ferskt immunforsvar som eg har no, er det vanskeleg å veta kva ein tåler av feber og infeksjonar osv før det blir alvorleg. Det er også ein bekymringsfaktor. Også gjer jo som sagt stress alt verre. Mange tenkjer også at eg hadde vel merka det om det skulle ha vært noko? Ja, ein skulle jo tru det. Kanskje, kanskje ikkje. For både eg og Ingrid har hatt attakk/angrep med nye flekkar utan å ha hatt eit einaste symptom eller anelse om dette- før MR bildene kom. Det er det som er skremmande.

Så ja, eg er bekymra sjølv om eg innerst inne har trua på og vil tenkja at dette skal gå bra. Og heilt ærleg så føler eg også på eit visst ansvar for at behandlinga skal ha vert vellykka, i forhold til alle dåke fantastiske folk som har bidratt og gjort det mogleg for meg å gjennomføra ❤ Utan dåke, hadde eg ikkje vert der eg er idag- det er berre heilt sikkert! Uannsett kva MR-bildene viser! Så nok ein gong: Tusen hjerteleg takk for all støtte det siste året! Eg kryssar no fingrar og bein og gler meg til å forhåpentligvis kunna meddela positive nyheter til dåke på fredag! 😀

Eg kjem nok forresten til å oppdatere jevnleg på instagramstoryen min no desse neste dagane, for dei som ynskjer å følgja med der: kariinahaaland 🙂

Ta vare på kvarandre <3

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg