Slik veks håret mitt, måned for måned!

Mange som har tatt behandlinga samt folk som lurer på å ta behandlinga, har spurt kor langt håret mitt er blitt no litt over 7 mnd post. Eg legg difor ut bilete måned frå måned her, så kan alle sjå kor “fort” det veks :p Det går ikkje så fort, men det går rette vegen- og det er det viktigaste. Satsar på at det ikkje tar all verdenstid før det er langt igjen! 🙂 Men no er eg blitt van med å gå utan parykk- så det går bra!

Eg klarar å få til ein mini-hestehale om eg verkeleg vil 😉 Hihi.. Om det tar seg ut, er ein heilt annan ting..

3,5 mnd:

4 mnd:

5 mnd:

6 mnd:

7 mnd:

7,5 mnd:

No i det siste har eg roa litt ned på treninga, sidan eg har slitt litt med utmattelse og hovudverk/stikk i det siste. Men, eg prøvar minst 3 treningar i veka 🙂 Alltid like herligt å trene- spesielt å kjenne på følelsen i etterkant 🙂

Eg har også fått ei heilt nydeleg førjulsgåve frå finaste Kari Anne og min gamle barnehage i Tysvær, med både herlege sjølvskrivne brev og teikningar 🙂 Eg svarar dei med ulike filmsnuttar av meg og Dex 🙂 Slik held me kontakten!

Her har ei lita jente teikna seg sjølv og meg (slik dei hugsar meg, med langt hår)- “Bestfriends” :

Herleg! <3

Eg var også denne veka for fyrste gong etter behandlinga på besøk i Dåfjorden barnehage. Har savna dei heilt enormt! Det var SÅ rørandes å sjå dei igjen! Dei hugsa meg heldigvis, sjølv etter så mange månader vekke! Heilt herleg å få slike gode klemmar, nydelege gåver (teikningar) og kos igjen! <3 Spørsmåla dryssa også inn- “er du frisk no?” Eg svara sjølvsagt ja, for det er slik eg føler meg (sjølv om det er ein kronisk diagnose).

Denne tida på besøk i barnehagen har berre forsterka valget mitt på å ta videreutdanninga “barn med særskilte behov” no. Det er det rette for meg. På bilturen heim vart eg nesten litt på gråten, både fordi det gjorde så godt på alle måtar å sjå dei igjen- men også gjorde følelsen av at eg ikkje hadde nok tid til kvar og ein av dei – så vondt. 10 små skjønne som ville fortelja alt som hadde skjedd på denne tida eg hadde vert vekke og som dermed snakka i munnen på kvarandre heile tida- noko som førte til at eg til slutt måtte be dei vente på tur, slik at eg kunne høyra ein om gangen. Eg ville så gjerne ha tid til kvar og ein av dei. La dei fortelje meg alt dei hadde på hjarta. Gi dei klem og kos til dei sjølv var lei og ikkje berre til det var neste mann i køen sin tur. Å ha tid til å ha ein og ein på fanget og gi mitt fulle og heile fokus til kva akkurat dette barnet ville fortelja meg. Det var vanskeleg no når alt var så intenst og dei var så mange.

Det er ikkje alltid like lett i ein barnehagekvardag med mange barn rundt som vil ha di oppmerksomhet. Alle skal bli sett, det er eg alltid bevisst på- men eg ynskjer så sårt å gi barna meir tid. Det er TID med kvarandre som er heilt essensielt- både i mitt yrke men også generelt i livet. Som me også lærer gjennom studiet no, så er det ofte dei som ikkje skrik etter oppmerksomhet men gjerne står i bakgrunnen og ikkje slepp til- som treng det mest. Det også er ein tankevekkjar og viktig å hugse på <3 Gjennom utdanninga som eg tar no, håpar eg på å kunne få ein arbeidskvardag med enkeltbarn der eg kan fokusere på eit og eit barn om gongen, eller veldig små barnegrupper.

Igår kveld hadde eg skikkeleg kvalitetstid med mine flotte nevøar. Dei fekk nemleg overnatting hos tante i kalenderen sin 🙂 Sååå kos! Julefilm, julekos og pynting av juletre <3 Som eg sa tidlegare, TID med kvarandre, er det som gjeld!! <3

Ynskjer dåke alle ei fantastisk god jul! Nyt tida ilag! Og ta vare på kvarandre <3

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg