Beklagar at bloggen var litt nede igår kveld/natt..

Har prøvd å ordne litt på designet, så var kanskje derfor det var nede ei lita stund. Beklagar dette. Kan eventuelt legge link ut ein link på nytt fra gårsdagens innlegg på bethankful på facebook dersom det er nokon som ikkje får kome seg innpå 🙂

Idag har eg kun fått to flasker med steroider så langt og 5-6 piller. No er det snart lunsj tid her også. Ellers ligg eg her på kviledagen min og skriver blogg, løser kryssord, løser sudoku og ser på alle dei fine menneska på veggen min som eg snart skal heim til å klemme panneflat.

 

I går gjekk Marius oppom på besøk til Dex`n (hunden vår) etter 2 veker vekke frå han. Så eg fekk meg nokre snappar av DEN gjensynsgleden og tårene berre rann. Det skal verkeleg bli godt å komme heim å kose med sussebassen min igjen, sjølv om det dessverre ikkje kan bli så mykje sussing den fyrste stunda. Har funnet ut at eg kan snike med meg ein sånn “romdrakt” som de kommer inn med på rommet til oss her på isolasjon, med både hanskar og huer og alt som er- då kan eg jo verkeleg la han få kose så masse han vil med meg vell. Så lenge han ikkje sleikar og eg spritar meg godt etterpå. Guuu som eg gledar meg!

Fint ver i dag også ! Så no tenkte eg at eg skulle ta meg ein spasertur ut 🙂 Så ikkje beina stivnar heilt! Når eg kjem inn att igjen er det nok tids for dagens infusjon nr 2. 

Og tenk imorgon! Då får eg innsett mine gamle nedfryste stamceller som skal forhåpentligvis byggje opp igjen eit friskt immunforsvar utan den autoimmunesjukdommen som eg hadde frå før, der kroppen angreip sine egne celler.

Eg skal faste frå frokost og fram til kl 12-1 når dei byrjar. Det blir nok nokre hektiske og intense 10-15 minutt før desse nedfryste stamcellene skal være  innabords i kroppen min ved hjelp av injeksjoner av sprøyter som blir satt i halsen, men det skal bli så verdt det etterpå!  Håpar berre ikkje på noko særleg ubehag eller komplikasjonar undervegs. Skal be pappa få noko av det på film eller i hvert fall eit bilete eller to som eg kan dele med dåke.

Deretter blir det jo dagen imorgon også framover min nye bursdag! 10.05.2018! Den dagen eg blei reboostet/født på ny og gitt ein ny mulighet til eit fantastisk liv av desse fantastiske eneståande personane her:

Blir nok eit rørandes øyeblikk vil eg tru! Berre kryssar alt eg har for at det går som det skal <3

 

2 kommentarer
    1. Tusen takk for at du er så åpen og ærlig med denne prosessen😇♥️ Jeg heier masse på deg og håper så inderlig dette vil gi deg et bedre liv! Du er en stor inspirasjon, i hvertfall for meg som også har MS og det betyr veldig mye faktisk av det du deler. En viktig prosess og bli kjent med før man eventuelt hopper i det selv. Ønsker deg tillykke med dagen i morgen og ønsker deg alt godt videre. Jeg følger spent med og leser hvert eneste innlegg du legger ut😉👍🏻 Masse lykke til videre💖💖

    2. Cathrine Bergan:
      Det er så utrulig givandes å høyra at ein kan vera ein slik inspirasjon for andre ? Det er akkurat det eg ønsker å oppnå med dette, og nemlig kunne hjelpe andre 🙂 Tusen takk for at du er ein trofast følger på bloggen min, Cathrine ? Så skal eg oppdatere deg så godt eg kan! Ta gjerne kontakt med meg utenom også om det er noko eg kan hjelpe deg med 🙂 Ønsker deg alt godt videre og håper at du også en vakker dag bestemmer deg for å prøve å få få tatt livet av MS monsteret ??

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg