Sunday morning! Opp og hopp!

I dag starta eg på dag 2 av isolasjonsperioden min.

I dag var dei heller tidleg ute med å ta morgon temperatur, blodtrykk og gi meg steroider. Starta vel rundt 06.30.

Men så fekk eg liggje frampå heilt til frukost kl 09.00. Såg litt på serie, då eg måtte gi meg på ein umogleg Sudoku som eg ikkje fekk til. Kasta Sudokuen til sides og skal sjå om me kan prøve å nærme oss venner igjen imorgon.

Der kom frukosten endeleg! Havregraut idag faktisk! Ikkje så verst, men eg lagde meg fortsatt det same gamle som backup. Frukosten skal jo vere det viktigaste måltidet iløpet av dagen, så dette må eg ikkje slurve unna.

 

Så var det tid for å hoppe i dusjen ( valgfritt altså- eg tok heller det trygget valget og stod ). Vaskedama vaska og steriliserte rommet mitt, skifta på senga mi og la fram reine handkle og sjukehuskler til meg.

No var eg nok ein gong skinnande rein i vodka frå topp til tå! Aldri følt meg så rein før !

Legane kom også innom for å informere om at nivåa mine synk akkurat som dei skal og at eg generelt elles er i god form så langt.

Så var det tid for litt bevegelse. Kan ikkje liggje i senga heile dagen.

Plankeøvelse:

Knebøy:

 

Og til slutt litt armøvelsar med strikk:

Så kunne eg slappe litt av i senga igjen med god samvittigheit.

 

Så var det tid for lunsj rundt kl 12. Bakte varme epler og eit tørt stykke kjøtt.

Eg kutta opp kjøttet i småbitar og krydra dei godt før eg laga meg ei grønnsaksuppe som eg samla alt oppi til slutt. Og Voila`:

Dette var faktisk ikkje så gale 🙂 Det gjeld å bruke kreativiteten!

Er elles blitt heilt hekta på smågodt, lollipops og tyggis generelt. Må ha noko i munnen heile tida. Føler meg så tørr i munnen etter alt dette sterke munnskyllevatnet som me brukar.

Og tenk så deiligt det skal bli å få fjerna venekateteret i halsen, som stadig heng og dinglar og er i vegen for nattessøvnen. Mykje kjekt å sjå fram til!

I dag fekk eg tilsendt herlege bilder frå mi svigerinne og storebror av min skjønnaste Dex som eg savnar heilt enormt. Ser at han har det som plomma i egget hos bestemor. Får berre håpe gjensynsgleden er like stor når han ser meg igjen.

 

Men eg har han ved mi side kvar einaste dag på veggen her, så føler heldigvis ikkje at eg er så langt vekke frå han.


 

Så kom neste lunsj kl 2. Der lagde eg meg eit eige måltid. Nok ein gong.

Så var det middag rundt kl 17.30. Der åt eg egget på skiva, smelta litt smør for å ha på potetene og lagde meg elles eit ekstra måltid med toastet brød med smeltet ost på 🙂

I dag hadde me ein kjempekjekk facetime på messenger med heile familien! Søster og familien på Creta, storebror i sitt rette element i traktoren sin, mamma i Norge og eg og pappa på kvar sine stadar her i Moskva. Mykje lott og løye! A good laughter never killed anyone 😀 Love you guys! Gjelder å holde humøret oppe!

   

Har også trekt lapp frå “oppmuntringsboksen min idag” og det er stadig oppløftande beskjedar frå både små og store i familien der. Fantastisk rørandes!

Alle lappane blir hengt opp på veggen ved siden av senga mi.

Sjølv om eg er isolert her inne heilt aleine, så føler eg meg ikkje heilt lost og forlatt allikevel. Eg har jo meg sjølv, mine tankar og mine kjære rundt meg.

Ellers har eg fått nokre vakre bilete av min far som har feriert rundt i parkane i nærheten av hotellet sitt idag og igår. Den største parken heiter Izmailovo parken. Det gjer meg godt å sjå at han klarar å nyte desse vakre dagane på best mogleg måte- han som faktisk kan vera ute i det fri i denne herlege sommarvarmen.

Det er for meg veldig personleg å blogge om dette som skjer nett no, og å legge ut så personlege og nakne bilder, filmar og opptak (utan hår, sminke og diverse). Men eg har tenkt at dette er verkelegheita for mange. Mange lev midt oppi sjukdommar, det er ikkje slik at berre det er eg (den ramma) i familien som er sjuk- heile familien til den innblanda blir ein del av eit sjukdomsbilete. Føler dette framleis er eit slags tabubelagt tema å snakke om. Og det er sikkert ikkje like lett for alle å takle. Og alle har sine metodar som fungerar for dei.

Men for min del så har eg valgt å vert open og ærleg frå starten av, i håp om å kunna hjelpa andre i same situasjon som eg har havna i. I håp om å kunne vere ein inspirasjon for nokon der ute, i håp om å kunne vere til hjelp for noko godt, å kunne vise verden at så lenge man klarer å tenkje positiv så er det meste mogleg. Det ligg for det meste i hovudet. Ein må gå inn for å ville noko, og dermed gi jernet.

Ta vare på kvarandre <3 Og gi litt meir faen i kva folk tenkjer om deg- dette er DITT liv og du som kan bestemme utfallet av korleis du vil leve det 🙂

God natt frå Moskva!

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg