Isolasjonsdag 5!

Idag har eg hatt storbesøk gjennomgang i isolasjons døra mi med både gaver og diverse.

Det var like tidleg opp i dag som vanleg- men det gjekk heilt fint. Magen var klar for frukostmat den.

Først kom nydeligaste Ingrid innom for å sei hadet (vinka berre frå isolasjonsdøra i fullt ikledd munnbind) , sidan ho no skulle reise heim til Norge i dag. Men inn fekk eg levert heile 3 handlenett med godsaker og mat i. Kan jo halde ut i isolasjon nokre veker til eg no på all denne maten her! 🙂 Tusen takk Ingrid!!

 

Aaah, brus, meir ost og sjokolade! Midt i blinken <3

Så kom neste gave på døra. Endå ein frå godeste Ingrid. Champagneflaske, sjokoladehjerter og brev <3 Dette var fordi ho følte ho hadde gått glipp av stamcellebursdagen min, sidan ho då låg på isolat. Vakre snille menneske altså. Blei jo så glad i henne på kort tid også. Då måtte eg berre skynde meg i vidauget for å vinke hadet ein siste gang til henne. Men me sjåast jo igjen i Norge- det skal me få til!<3

Vemodigt at ho no reiser heim. Me som kom ned nesten på likt og fekk ein så god kontakt allereie frå starten av. Ønsker ho verkeleg kun det beste framover og håpar at ting går slik som det no skal <3 Keep going strong girl!

Då eg akkurat hadde rigga meg nedpå senga med  serie på Ipaden og nøyt ein av mine herlege nye yoghurtar frå Ingrid- banka det på døra igjen.

Og ikkje nok med dette- men no fekk eg då altså endå eit nett inn på rommet levert av ein av dei skjønne sjukepleiarane. Skulle tru det var julafta eller at eg hadde bursdag, veit du! Så utruleg kjekt! Hoppa av glede utav senga for å sjekke kva dette kunne være. Sjukepleiarane berre smilte.

Denne gangen var det mi fantastiske stamsis på naborommet som hadde kjøpt både sjokolader i fleng, med eit nydeleg sjølvskrive kort personleg til meg. Det betydde heilt enormt. Tårene trilla så berre det. Har verkeleg fått meg ein ekstra familie her nede, i form av både nye stamcellesøstre og brørdre. Dei kjem til å vere med meg heile livet- og tru meg- me skal halde kontakten! Spesielt eg og Coleen. Så like, på alle moglege måtar.

Så kom attpåtil pappa innom sjukehuset med ny ladar til meg- for min slutta plutseleg å verke. Og mobil er eit must på isolat. Ellers trur eg det hadde gått gale. Takk for at du orka ta turen igjen, pappa! Sjølv om eg ikkje fekk snakka eller sett noko til deg heller, ant enn frå vindauget.

 

Så var det ein heilt vanleg dag, med vanleg mat, medisinar og steroider.

 

Trakk forresten ein ny oppmuntringslapp frå mi EKTE blodsøster i dag, medan eg snakka med dei på facetime frå Rhodos. Noko som igjen varma godt. Eg er heldig som har dåke alle rundt meg.

Ta vare på kvarandre <3 No er det ikkje lenge igjen før eg slepp ut! Nivåa mine stig stadig for kvar dag som går, og det betyr berre ein ting- at dei snart er på veg opp att 🙂

Hipp hurra for 17.mai imorgon!! Feir litt for meg også 😀

 

 

 

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg