Karina – Fra ei bestevenninna sitt perspektiv

Mitt navn er Johanne. Som dåke sikkert har skjønt er eg bestevenninna til Karina. Grunnen til at eg velger å skrive dette innlegget er litt fordi eg ønsker å samle tankene mine litt, og eg ønsker at Karina skal få det svart på kvitt kor mykje ho betyr for meg, og kor mykje eg ser opp til ho.

Rett før Karina reiste til Russland så fekk eg ein telefon, der Bergens Tidende spurte meg om eg kunne fortella litt om Karina som person og korleis situasjonen var når me fekk vite om sjukdommen. I den telefonsamtalen så følte eg ikkje at eg fekk fram halvparten av det eg ville sei, det er også ein av grunnane til at eg skriver dette.

Eg og Karina har kjent kvarandre sidan me var 12-13 år, og me har vel vore bestevenner ca siden då. Me skjønte fort at me passa bra sammen, og at me var trygge på kvarandre. På alle disse årene trur eg ikkje me har hatt ein einaste stor krangel. Det nærmaste me har kome krangler er at ein av oss vil på narchspiel og den andre vil heim. Grunnen til det er nok fordi me, som nevnt, er 100 % trygge på kvarandre, og me har like verdier om ka som er viktig i livet. Eg veit at eg har ho som ei støtte, uansett ka som skjer. Sjøl om eg har budd vekke fra Stord og Fitjar i 7 år, veit eg at eg alltid kan kome heim til ho, og ingenting er forandra.

Når det gjelder korleis Karina er som person, så har eg berre bra ting å sei. Først og fremst er ho utrulig snill. Ho bryr seg om korleis andre har det, ho er empatisk og sympatisk. Ho varter alltid opp med mat og andre godsaker. I tillegg har ho køyrd rundt på den evige studenten meg som ikkje har bil, i alle år. Når det er sagt så forventer ho ingenting i retur. Ho gjer alt dette fordi ho genuint har lyst, fordi ho genuint er opptatt av at andre skal ha det bra. Dette gjer at eg føler meg velkommen og heilt avslappa i hennas selskap. Nokon gonger så tenker eg berre: “ka i all verden har eg gjort for å fortjene dette”, men så veit eg også at ho er jo sånn med alle andre og, ikkje berre meg. Fordi det er sånn ho er. I tillegg tar ho ikkje seg sjøl så høytidelig, derfor er det utrulig masse latter oss imellom. Me er nok fullt klar over kvarandre sine “feil”. Ellers er ho meget sterk psykisk(og fysisk). Ho klager ikkje på nokonting. Ein høyrer aldri Karina gå rundt å klage på hodeverk eller lignande. I motsetning te si bestevenninne som klager på alt slags småting… Og no når ho fekk diagnosen MS, så hadde eg kanskje “forventa” litt meir klaging. Men sånn var det jo absolutt ikkje, ho var den samme uansett. Ofte etter eg hadde vore med ho, og så leste bloggen hennas nokon dagar seinare, så blei eg litt sjokkert. Fordi eg tenkte: har ho det egentlig så vondt? Ho viser det jo ikkje i det heile tatt. Det beskriver så godt kor sterk ho er, syns eg. Ho vil ikkje sleppe sine problemer over på andre, uansett kor store dei måtte vere.

Karina fortalte meg jo om at hu hadde fått diagnosen, ganske snart etter ho hadde fått vite det. Og ho begynte samtalen med: “Eg har grua meg litt til å sei dette til deg, fordi eg syns du har vore igjennom nok sjukdomma og ting i familien og livet ditt. Eg vil ikkje at dette skal vere enda ei byrde for deg”. <- Berre at ho kan sei noko sånt, viser kor lite egosentrisk og kor omtenksom ho er. Så fortalte ho om sjukdommen og ka det innebar. Min reaksjon var å bryte ut i gråt. Først og fremst fordi eg ikkje kunne tenke meg korleis det måtte føles å vere Karina i den situasjonen, og så ein tanke om at eg var utrulig redd for å miste ho. Eg veit kor langt nede ho var den dagen og dei påfølgande dagane, og det gjorde så utrulig vondt å tenke på. Men ho reiste seg fort, og viste at ho er ei dame som kan kjempe!

Ho fekk høyre om stamcelletransplantasjon, og fant ut at det var ein lege som gjorde det i Norge. Kriteriane er litt strenge i Norge, ettersom det ikkje er så mykje kunnskap om ein slik transplantasjon her. Men etterkvart fekk Karina ordne eit møte med legen, og då spurte ho om eg ville vere med og dele opplevelsen med ho. Det var ikkje et tvil i hjertet mitt, så eg bestilte flybilletta og blei med. Ingen av oss visste vel heilt ka me gjekk til, men ettersom han er den einaste legen som gjennomfører transplantasjonen var jo håpet oppe. Me reiste til Bergen, Haukeland. Nervene var i høygir før Karina skulle inn og snakke med han, me var på gråten begge to. Til slutt fekk ho komme inn, men det tok ikkje veldig lang tid før ho kom ut igjen. Synet som møtte meg då var heilt hjerteskjærande. Ingen tvil om at det var ei hjerteknust Karina som kom ut. Eg sprang bort og ga hu ein klem, det er noko av det vondaste eg har opplevd. Me grein begge to, og ho fortalte at legen ikkje hadde noko som helst plan om å vurdera ho for ein transplantasjon i det heile tatt. Ho mangla visse kriterer, og ho kunne holda seg frisk lenge berre ho brukte bremsemedisin – i følge han. Han anbefalte ho ikkje å reisa utenlands. Men eg visste at i det sekundet ho fekk det avslaget, så hadde ho bestemt seg for å reise til Russland. Og slik blei det. Og no er ho snart på vei heim igjen til Norge – med fantastiske resultater!

Eg var jo heime i påsken og fekk tilbrakt mykje tid med Karina då. Så når eg reiste tilbake til Trondheim tenkte eg vel egentlig at eg ikkje kom til å sjå ho igjen før etter at ho kom heim frå Russland. Der tok eg feil, for på bursdagen min i april, fekk eg ein gledelig overasskelse. Eg skulle ut og ete med to venninner i Trondheim, og når eg kom inn døra så ser eg Karina sitte der med dei. Eg var heilt i sjokk, og veldig, veldig glad. Eg hadde jo invitert ho til bursdagen min, men eg tenkte jo at det blei litt stress i og med at ho snart skulle reise til Russland. Så eg hadde ikkje forventa det i det heile tatt. Det viser berre nok ein gong kor bra ho er! At ho tok seg tid og penger til det. Me hadde det så bra, som alltid. Latter og glede.

I og med at denne transplantasjonen gjorde at ho høyst sannsynlig kom til å miste håret, måtte ho til frisør og skaffe seg parykk før ho reiste. Dette er også ein opplevelse eg fekk vere med og dele. Det var veldig spesielt når ho satt i frisørstolen og hadde på seg forskjellige typer parykk, me var på gråten begge to, men trur begge to gjorde alt me kunne for å holde oss i sjakk. Det var ein rar, følsom opplevelse. Karina har jo alltid vore opptatt av sminke og hår, så det at ho skulle miste håret føltes nok veldig skummelt. Ja, det er som ho seier sjøl: det er jo berre ein bagatell i den store sammenhengen. Det er klart, det stemmer jo det. Men sjølv om noko er ein bagatell, så er det ikkje synonymt med at det er ubetydelig eller at det ikkje er vanskelig. For det veit eg at ho syns. Det er jo ein del av identiteten til ein person. Derfor blei eg så utrulig rørt når ho laga eit innlegg der ho la ut masse bilder av at ho hadde barbert av seg alt håret. Ho berre la det ut for heile verden å sjå, uten å tvile! Som om eg ikkje var stolt nok over dette mennesket fra før. Ho ringte meg på videochat litt etterpå. Ho begynte samtalen med: “No må du slutta å grina!”. Eg høyrte ikkje på ho, eg fortsatte å grina og alt eg kunne tenka var berre kor fin ho var. Så me grein og lo litt ilag, det var ein god og veldig sterk samtale.

Karina – du e laga av stål, da e eg heilt sikker på. Glede meg te fleire opplevelsa med deg, livet ut! <3

Stor klem fra ei som glede seg te å sjå deg igjen :*

2 kommentarer
    1. Så røranes. Om alle hadde en fantastisk vænn som du…. æ har det…. men….😢😚æ e på du i oktober til moskva. Æ grue mæ til håret…..men det syke fall bort å friskt kommer tilbake 😁💪❤

    2. Charlotte:
      Godt du også har ei slik god vennine ?
      Du har ingenting å bekymre deg for, du er i de beste hender her borte ? Verkelig!
      Forstår at du gruer deg til håret, det gjorde eg og.. men er ein liten bagatell i den store sammenhengen om at me faktisk no kan bli friske ??

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg