Heimreisedag!

I dag var dagen endeleg komen- eg skulle reise heim att til Norge. Wææ, nesten litt skummelt! 

Siste frokosten på sjukehuset:

No skal eg heim og få ein heilt ny start på livet. Men det var vemodig, mykje tøffare enn eg trudde det kom til å bli å reise derifrå. Tida der borte i Moskva har faktisk flydd av gårde, og eg føler ikkje at eg har vert der ein heil månad. Det har liksom skjedd noko kvar einaste dag. Noko flott, kvar einaste dag. Og denne plassen har faktisk gitt meg muligheten til å starte livet mitt heilt på nytt. Tenk det! Og folkene som jobbar her, ikkje minst pasientane som bur her- eg har ikkje ord. Me er alle blitt ein samansveisa familie som kjem til å ha bånd livet ut. 

       

Rart var det også å skulle ha på seg parykk for fyrste gong. Det klødde, og det føltes ikkje heilt som meg. Men det er ein epoke og innerst inne er eg jo meg sjølv. Parykk er berre litt hårerstatning som kan vere fint å ha i blandt. 

      

Spesielt tøft var det å sei “hadet” til mi stamcellesøster, Coleen. Heldigvis tok me mange kjekke bilder som me kan sjå tilbake på, mimre over og ta fram når saknet er på det sterkaste. Me skulle berre klemme å seie hadet ein gang blei me enige om, men det blei minst 10 klemmar før eg reiste denne dagen.Både på formiddagen også lurte eg meg innom igjen rett før taxien henta oss.  Her skriv skjønne Coleen, litt på bloggen sin om sin avskjed med meg idag. Klikk på linken under: 

https://coleenvshsct.wordpress.com/2018/05/22/time-for-goodbyes/

     

Fekk eit herleg armbånd fra henne som eg alltid kjem til å ha på meg og som kjem til å minne meg på å halde meg sterk- nett som henne.  

Så fekk eg også gave frå ei anna stamcellesøster som også kjem til å bety enormt for meg resten av mitt liv, me kjem til å halde kontakten- utan tvil. 

Så var det å levere ut alle gåvene til sjukepleiarar, kokkar, legar, vaskedamer osv. Og ikkje minst siste gaven til engelen- Anastasia. Ho er som eit forbilde for meg. Eit levande og godt eksempel på kor godt denne behandlinga har fungert for både ho og tusenvis av andre. Eg måtte også overlevere all maten min videre til dei andre som snart skal inn i isolasjon- så dei fekk mykje gratis mat til overs 🙂 Trur dei satt stor pris på det.

      

Så var det berre å vente. Taxien skulle hente oss ca 14.30. Og det gjorde den. Då var tida komen. Trist. Rart. Gledesdag. Mange følelsar på ein gang. På gjensyn, Pirogov!

Men Dr.Fedorenko og Pirogov- eg kjem igjen! Eg skal ta både min 1.års og 5.års MR kontroll her hos dåke, så dåke kjem til å sjå meg igjen 😀 Blir ikkje kvitt meg så lett 🙂 

           

På veg til flyplassen. Flott bil med god plass til både bagasje og elles mennesker i alle størrelsar og former. Tilpassa rullestolbrukarar også. 

                          

Då me ankom Moskva flyplass, sjekka me inn all bagasje og sa at dette skulle sendast direkte til Bergen. Dette skulle dei ordne. Men bagasjen min var altfor tung, så eg måtte betale ein del i overlast. Pytt pytt. Maske måtte eg ha på heile tida for å unngå smitte og bakteriar frå folk rundt meg. Det var ganske så hett å puste gjennom denne heile dagen- men det gjekk det også. 

Me hadde god tid her i Moskva og fekk handla alt me ville på både taxfree og samstundes nytt eit godt måltid ilag før neste fly.

.  

    

    

Så var det litt større problemer i Oslo, då me ikkje hadde like god tid. Og det viste seg at bagasjen vår eigentleg skulle ha blitt henta der og sendt vidare til Bergen derifrå. Men det rakk me då ikkje å gjera no. Då hadde me i så fall måtta skifta til eit seinare fly. STRESS! Så, me sa farvel til bagasjen vår og rakk heldigvis flyet me i utgangspunktet skulle ta til Bergen. Men då utan bagasjen vår som ligg igjen i Oslo… Litt uflaks må man vel ha.. Det var surt, skikkelig surt. faktisk Emosjonell som eg er om dagane også så hjalp ikkje akkurat dette på. Men eg hadde handbagasje, og eg skal nok klare meg med det eg har der fram til eg får levert bagasjen min heim att om nokre dagar. Ordnar seg alltid! 

                             

Så var me vel framme i Bergen! Vakre flotte Norge. Me hadde tydlegvis tatt ei feil flyrute for min onkel har ein app der han kan følgje med på kor me flyr, så både han og mamma stod klar på plenen heime med kvite laken for å vinke oss velkommen heim. Men dette såg me då desverre ikkje sidan flyet tok ei uventa rute. Morosamt, fin tanke i det minste! <3 

       

Snille Marius henta oss og hadde med seg deilig norsk pepsi max. Det redda dagen min! Fy så godt!

Så tok me halv 12 fergja heim og var vel heime i 1 tida ca. Då blei eg møtt av dette synet:

                        

For nokre fantastiske folk eg har rundt meg! Kjem heim til nyvaska hus, nye hagemøblar, gaver i fleng, blomar, nybakte rundtstykker, fullproppa kjøleslap, flagg, hjertelapp på døra frå mine skjønne små med pepsi max og ikkje minst ostepopp! 

Idag har me bare nytt dagen i dei nye hagestolane våre 🙂 No ikveld kjem mamma, pappa og svigers på kaffi og eg skal endeleg få min lille Dex heim igjen <3

    

Ta vare på kvarandre <3 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg